MultiplikasjonMultiplikasjon, å ganga, er ein av dei fire rekneartane innan aritmetikken. Ved multiplikasjon gangar ein saman to (eller fleire) faktorar til eit produkt. Symbol for multiplikasjon er og *, men jukstaposisjon er også vanleg. Det talet som skal multipliserast i ein multiplikasjon vert kalla ein multiplikand. Eit enkelt døme er at 5 * 4 = 5 + 5 + 5 + 5 = 20. Multiplikasjon med eit inverst tal er det same som divisjon. Døme: 6 * 1/3 = 2. Meir generelt er multiplikasjon den binære operasjonen til ei ikkje nødvendigvis abelsk gruppe. Han er assosiativ og har eit identitetselement normalt skrive som «1» . I tillegg har alle element x inverse element 1/x. Denne generelle definisjonen dekker ikkje det faktum at vanleg multiplikasjon er ein kortvariant av fleire likelydande addisjonar etter kvarandre, ei heller at vanleg multiplikasjon er kommutativ. Han oppfyller følgjande reglar:
Ofte vil ein kalla ein operasjon som oppfyller desse reglane for ein multiplikasjon, sjølv om elementa a, b, c ikkje er tal, men til dømes funksjonar eller polynom. ProduktoperatorenΠ (stor pi) vart nytta som produktoperator, og gjev at matematiske objekt skal multipliserast i ein produktserie. I nokre tilfelle vert dette òg kalla ein produktsum. Eit døme på ein produktserie er Sjå òg |