Mtskheta-Mtianeti er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Mtskheta.
Regionen ligg omtrent midt i Georgia. Han grensar til regionane Kakheti i aust, Kvemo Kartli og Tbilisi i sør og til Shida Kartli i vest. I nord har han riksgrense mot Russland.
Vestdelen av regionen er kontrollert av utbrytarrepublikken Sør-Ossetia.