Kvemo Kartli ('Nedre Kartli') er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Rustavi.
Regionen ligg sør i Georgia. Han grensar til regionane Samtskhe-Javakheti i vest, Shida Kartli, Mtskheta-Mtianeti og Tbilisi i nord og til Kakheti i aust. I sør har han riksgrense mot Armenia og Aserbajdsjan.
Kvemo Kartli er ein av regionane i Georgia som er mest økonomisk utvikla. Han har nest mest industriell produksjon i landet etter Tbilisi. Regionen omfattar 7 byar: Rustavi, Bolnisi, Gardabani, Dmanisi, Tetritsqaro, Marneuli og Tsalka, 6 daba eller mindre byar: Kazreti, Manglisi, Tamarisi, Shaumiani, Bediani og Trialeti, og 338 landsbyar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Autonome republikkar | | |
---|
Regionar | |
---|