Mr. Moonlight er det åttande studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut av Arista Records i Europa 23. oktober og av BMG Entertainment i Japan den 23. november 1994. I USA og Canada kom albumet ut tidleg i 1995 på Rhythm Safari. Plata vart spelt inn i sju forskjellige studio i USA og vart produsert av Mick Jones, Lou Gramm og Mike Stone, med ekstra produksjon av Phil og Joe Nicolo. Det var det siste studioalbumet til Foreigner før Can't Slow Down (2009).
Albumet var det første sidan Inside Information (1987) og det siste heile albumet med den originale songaren Lou Gramm, som hadde slutta i gruppa i 1990, men kome attende to år seinare. Før dei byrja å arbeide på Mr. Moonlight, hadde Gramm vore solovokalist på tre nyinnspelte songar for samlealbumet The Very Best ... and Beyond (1992). Mr. Moonlight var òg det første albumet på femten år utan bassisten Rick Wills, som kom inn i bandet i 1979 og trommeslagaren Dennis Elliott, som var med å skipe bandet.
Mr. Moonlight skulle vere eit comeback for Foreigner, men selde skuffande og nådde berre 136. plassen på Billboard 200-lista,[3] og er det Foreigner-albumet som har selt dårlegast. Balladen «Until the End of Time» vart ein liten hit og nådde 42. plassen på Billboard Hot 100[4] og åttandeplassen på Adult Contemporary-lista.[5]