Can't Slow Down er det niande studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner og det siste albumet deira til no. Det var det første studioalbumet deira med songaren Kelly Hansen og bassisen Jeff Pilson og det første nye studioalbumet sidan Mr. Moonlight i 1994.[ 2] I USA vart albumet først berre til sals hos Wal-Mart , som hadde einerett på salet.[ 2]
Marti Frederiksen og stesonen til gitaristen Mick Jones , Mark Ronson , var medprodusentar på albumet.[ 2] [ 3]
Mottaking
Can't Slow Down gjekk inn på 29. plassen på Billboard 200 .[ 7] Dei første to singlane frå albumet «When It Comes to Love» og «In Pieces» gjekk begge inn på Billboard's Adult Contemporary-lista.
I 2010 hadde albumet selt til gullplate hos Independent Music Companies Association ,[ 8] som indikerte minst 100 000 selte eksemplar i Europa.
Innhald
Alle songar skrivne av Mick Jones , Kelly Hansen og Marti Frederiksen , utanom der andre er nemnde.
Plate 1 (CD) - Albumet Tittel Låtskrivar(ar) 1. «Can't Slow Down» 3:28 2. «In Pieces» 3:53 3. «When It Comes to Love» 3:54 4. «Living In a Dream» 3:43 5. «I Can't Give Up» Jones, Hansen, Frederiksen, Steve McEwan 4:32 6. «Ready» 3:43 7. «Give Me a Sign» 3:52 8. «I'll Be Home Tonight» 4:14 9. «Too Late» Jones, Frederiksen, Oliver Leiber, Russ Irwin 3:45 10. «Lonely» McEwan, Frederiksen 3:29 11. «As Long As I Live» 3:48 12. «Angel Tonight» 3:32 13. «Fool For You Anyway» Jones 4:04
Medverkande
Foreigner
Andre musikarar
Produksjon
Produsentar – Marti Frederiksen og Mick Jones (spor 1-12); Mark Ronson (spor 13).
Innspelt av Marti Frederiksen
Ekstra lydteknikar – Jason Paige
Miksing – Anthony Focx and Marti Frederiksen
Redigering og mastering av Anthony Focx
Kunstnarisk leiar – Hackmart, Inc.
Fotografi – Bill Bernstein
Salslister
Liste (2009)
Plassering
Den austerrikske albumlista
58
Den tyske albumlista
16
Den sveitsiske albumlista
26
UK Albums Chart
105
US Billboard 200
29
US Billboard Rock Albums
12
Kjelder
↑ «Edel AG - Rock, Pop & Dance» . Edel.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2012. Henta 5. januar 2012 .
↑ 2,0 2,1 2,2 Christman, Ed. «Foreigner Comeback to be a Wal-Mart Exclusive» . billboard.com . 27. juli 2009.
↑ Gundersen, Edna. «Foreigner's Triple Play: New, Old and Live» . USA Today . 16. juli 2009.
↑ Oitmann, Pierre. «Review: Can't Slow Down » . NU.nl . Henta 21. mai 2020 .
↑ «Allmusic review» .
↑ «BBC review» .
↑ Trust, Gary. «Chart Beat Thursday: Barbra Streisand, Foreigner, Jay Sean» . billboard.com . 8. oktober 2009.
↑ arkivkopi , arkivert frå originalen 27. august 2017, henta 21. mai 2020
Studioalbum Samlealbum Konsertalbum Singlar Tilknytte artiklar