I meldinga si for AllMusic, gav Tom Demalon albumet fire av fem stjerner og kalla albumet «eit lågmeldt, moro gjennomgang av hovudsakleg tradisjonelle bluesbaserte songar med ei handfulle originalar».[1] Demalon skreiv òg:
«
Trass i kjendisstatusen til Knopfler, klarte the Notting Hillbillies å høyrast ut som eit band der Knopfler ofte sit baksetet til bandkollegaene sine, sjølv om han syng på den vakre «Your Own Sweet Way». Stilen varierer frå flotte harmoniar i «Railroad Worksong» med noko av den sorgtunge gitaren til Knopfler, til den 50-talsaktige rockeballaden «Bewildered», til den luftige, tropisk-aktige «One Way Gal».[1]
»
Demalon konkluderte med at Missing...Presumed Having a Good Time er ei «deilig plate som ikkje blir for lenge».[1]