I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre av fem stjerner og skreiv at filmmusikkalbuma til Knopfler er så tett knytt til han at «det er eit dilemma kvar ein skal plassere dei i platehyllene».[1] Ruhlmann sa vidare:
«
Musikken er ikkje overraskande for dei som har sett og høyrt filmmusikken til Knopfler tidlegare, som Local Hero og The Princess Bride. Det er somme skotske tema som høver med setjinga til filmen, nokre langsame instrumentalar der Knopfler fingerplukkar på akustisk gitar og tre vokale spor. «He's the Man» høyrest ut som han kunne ha passa inn på eit album av Knopfler eller Dire Straits med ein rockemelodi; «Say Too Much» er eit jazznummer med trompet- og saksofonsolo, og minimalt med tekst; og «All That I Have in the World» er ein var ballade. Fører opp nok eit filmmusikkalbum av Mark Knopfler der han gjentek seg sjølv, men på ein behageleg måte.[1]
»
Innhald
Alle spor skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde