Miers Bluff er eit nes heilt sørvest på Hurd Peninsula, søraustsida av innløpet til South Bay og nordvestsida av innløpet til False Bay i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.
Neset er kalla opp etter John Miers (1789–1879), ein britisk ingeniør og botanikar som reiste til Chile i 1818 og var ansvarleg for publiseringa i 1820 av dei første karta over Sør-Shetlandsøyane, basert på arbeidet til William Smith.
Neset ligg 6,6 km nordvest for Barnard Point, 11,5 km søraust for Hannah Point og 7,8 km sørvest for Napier Peak.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Miers Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).