Mentzelfjellet (tysk Mentzelberg) er ein fjelltopp (2330 moh) som ligg 6 nautiske mil (11 km) aust for Zimmermannfjellet i Gruberfjella i Dronning Maud Land. Det vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen under Ritscher, 1938–39, og kalla opp etter direktøren i Deutsche Forschungsgemeinschaft.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Mentzel» (innhald frå Geographic Names Information System).