Gruberfjella (tysk Otto-von-Gruber-Gebirge) er ei lita fjellgruppe som består av eit stort fjellmassiv og fleire utanomliggande fjell, nordaust i Wohlthatmassivet i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (GerAE), 1938–39, under Alfred Ritscher. Fjella vart kartlagde på ny av Den sjette norske antarktisekspedisjonen, 1956–60, som namngav dei etter Otto von Gruber, ein tysk kartograf som teikna kart av området frå flyfoto tekne under GerAE. Fjellkjeda må ikkje forvekslast med «Gruber-Berge», som er eit uidentifisert toponym nytta av GerAE nord i Mühlig-Hofmannfjella.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gruberfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).