«Mata Hari» deltok i Melodi Grand Prix 1976, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Songen vart framført på norsk av Gudny Aspaas med eit lite orkester, og så på nytt av Anne-Karine Strøm med eit stort orkester. Bidraget enda på andreplass med 351 poeng.[2][3]
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1976 fekk «Mata Hari» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1976. Teksten vart skriven om, og Anne-Karine Strøm framførte songen på engelsk. Bidraget enda på 18. og sisteplass med sju poeng; fire frå Portugal og tre frå Nederland. Frode Thingnæs var dirigent. Sisteplassen gjer Strøm til den einaste artisten som har enda sist to gonger i tevlinga; fyrste gong var i 1974 med «The First Day of Love».
Fotnotar
↑«MGP 1976» (på norsk). OGAE Norge. Henta 27. juli 2014.
↑«Norway 1976» (på engelsk). esc-history.com. Henta 27. juli 2014.