MPLA
Movimento Popular de Libertação de Angola – Partido do Trabalho, kjent som MPLA, er eit politisk parti i Angola. Det blei grunnlagt i 1956 som ei samanslutting mellom Det angolanske kommunistpartiet og Partiet for den sameinte kampen til afrikanarar i Angola (Partido da Luta Unida dos Africanos de Angola), forkorta PLUA. Partiet har ein sosialistisk, marxistisk og kommunistisk ideologi. Det er medlem av Den sosialistiske internasjonale. Ved presidentvalet i 1992 vann kandidaten til partiet, José Eduardo dos Santos, valet med eit stemmetal på 1 953 335 (49,57 %). Ved parlamentsvalet i 1992 fekk partiet 2 124 126 stemmer (53,74 %, 129 mandat). Åtte opposisjonsparti la fram skuldingar om valfusk.[1] Det neste parlamentsvalet fann ikkje stad før i 2008 på grunn av borgarkrigen. Då fekk MPLA 81,64 % av stemmene og 191 av 220 sete i parlamentet.[2] Ved parlamentsvalet i 2012 fekk partiet 71,84 % av stemmene og 175 av 220 parliamentssete.[3] I september 2018 blei João Lourenço leiar av partiet etter at José Eduardo dos Santos valde å gå av med pensjon. Ved valet i 2022 fekk MPLA rundt 51 % av stemmene og 124 parliamentssete. Det største opposisjonspartiet, UNITA, fekk 44 % av stemmene og 90 sete. Resultatet var det verste til MPLA på 30 år. Nesten alle opposisjonspartia meinte likevel at resultatet involverte fusk.[4] Kjelder
Bakgrunnsstoff |