«Love the One You're With» er ein song av Stephen Stills. Han kom ut som den første singelen frå debutalbumet hans, Stephen Stills i november 1970. Songen var inspirert av ein merknad Stills høyrde frå musikaren Billy Preston, og vart den største hitsingelen hans. Singelen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1971.[1] David Crosby og Graham Nash, som i lag med Stills var medlem av Crosby, Stills & Nash, song korvokal på songen. Songen vart sidan spelt inn av ei rekkje artistar, som Aretha Franklin, The Isley Brothers, Bucks Fizz og Luther Vandross.
Bakgrunn
Stills skreiv songen eter å ha blitt inspirert av linja «If you can't be with the one you love, love the one you're with» som var noko musikaren Billy Preston ofte sa. Stills spurte han om han kunne bruke linja i ein song og Preston gjekk med på det.
Eit konsertopptak av Crosby, Stills, Nash and Young finst på albumet deira 4 Way Street. Ein soloversjon av Stills finst på Crosby, Stills and Nash-albumet Demos.
Salslister
Medverkande
Isley Brothers-versjonen
Fleire andre artistar har sidan spelt inn songen. Den mest kjende av desse kom i 1971 frå The Isley Brothers, som med ein unik gospel-driven versjon av songen sende han til tredjeplassen på R&B-lista og attandeplassen på poplista i USA. Det vart den femte singelen deira på topp 40 i USA.[7]
Medverkande
Bucks Fizz-versjonen
Den britiske popgruppa Bucks Fizz spelte inn songen som den attande singelen deira i 1986. Singelen kom ut i august og nådde 47. plassen på den britiske singellista.[8]
Luther Vandross-versjonen
Luther Vandross gav ut ein versjon av songen i 1994 på albumet hans Songs. Songen nådde topp 30 på Billboard's Hot R&B Singles, 33. plassen på Billboard's Hot Adult Contemporary Tracks og Vandross fekk ein Grammy-nominasjon for beste mannlege popsong.[9]
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Studioalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Tilknytte artiklar articles | |
---|