Louis Spohr
Louis Spohr (fødd Ludweig, òg Ludwig, 5. april 1784–22. oktober 1859) var ein tysk komponist, fiolinist, dirigent, pedagog og organisator av musikkfestivalar. Ved sida av Niccolò Paganini vart han rekna som den største fiolinisten i si tid, og hans orkester- og kammerverk vart ein gong sidestilt med Mozart sine. Han fekk ei stor tyding for utviklinga av tysk dramatisk musikk; dei største suksessane hadde han med sine oratorium. LivSpohr voks opp i ein musikalsk heim og fekk tidleg opplæring i musikkteori og fiolinspel. 12 år gammal vart han send til Braunschweig for å fortsetje utdanninga der. I 1799 vart han tilsett som kammermusikar hos hertugen av Braunschweig som lova å betale den vidare utdanninga til Spohr hos ein stor meister. Valet fall på fiolinisten Franz Eck (av Mannheimskulen). Eck stod då på farten til ei turnéreise i Russland, og Spohr vart med som følgjesvein. Først i juli 1803 returnerte Spohr til Braunschweig. Her møtte han fiolinvirtuosen Pierre Rode, viss fiolinspel fekk ein varig innverknad på han. I kjølvatnet av fleire konsertturnear breidde ryet til Spohr som fiolinvirtuos seg no hurtig, og allereie i 1805 fekk han posten som konsertmeister i Gotha. Året etter gifta han seg med harpe- og klavervirtuosen Dorette Scheidler. I 1813 vart han kapellmeister ved teateret i Wien, men pga ein konflikt med teaterdirektøren slutta han etter to år og tok opp att turnévekrsemda, som denne gongen gjekk til Sveits, Italia og Nederland. Vinteren 1817 vart han kapellmeister i Frankfurt am Main og overtok leiinga av Orchesters der Frankfurter Museumsgesellschaft. Her oppførte han operaen sin Faust i 1818 og Zemire und Azo i 1819, begge fekk entusiastisk mottaking. Likevel forlét Spohr Frankfurt i september og la ut på ein ny turné, denne gongen til Belgia, Paris og i 1820 til London. Etter fire månader i London slo han seg ned i Dresden, men vart allereie følgjande år utnemnd til hoffkapellmeister i Kassel, og besette stillinga i januar 1822. Som dirigent bidrog Spohr til utviklinga av moderne orkesterkultur. Han er ein av dei første orkesterleiarane som nytta taktstokk. Frå og med no var det slutt på store turnéreiser, i staden konsentrerte han seg om musikklivet i Kassel. Han bidrog sterkt til å løfte orkestret sitt til eit nytt nivå og grunnla ein songsamskipnad for oratoriemusikk i byen. Han var ikkje mindre viktig som lærer og komponist. I 1831 starta han ein fiolinskole som trekte til seg studentar frå heile Europa og har hatt ei grunnleggjande tyding for fiolinistutdanninga heilt til dagane våre. På same tid komponerte han ei mengd verk i alle musikksjangrar og dirigerte ved mange festivalar i Tyskland og England. I 1857 vart han mot viljen sin pensjonert, men enno heilt fram til han døydde 22. oktober 1859 naut han høg respekt både som menneske og kunstnar. Spohr etterlét seg meir enn 200 musikkverk, blant anna 18 fiolinkonsertar, 4 klarinettkonsertar, 10 operaer, 9 fullenda og ein uferdig symfoni, 4 oratorium, 34 strykekvartettar og konsertar for fleire andre soloinstrument. Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff |