Brent er ein bydel i London . Han ligg i den nordvestlege delen av ytre London , og grensar til Harrow i nordvest, Barnet i nordaust, Camden i aust og Ealing , Hammersmith and Fulham , Kensington and Chelsea og City of Westminster i sør.
Bydelen blei oppretta i 1965 ved at krinsane Wembley og Willesden i Middlesex blei slått saman. Den har namn etter elva Brent , som renn gjennom distriktet.
Wembley Stadium og Wembley Arena ligg i Brent.
Ved folketelinga i 2001 var 46,53 % av innbyggjarane fødd utanfor Storbritannia ; dette var den høgaste delen som blei registrert for eit distrikt.
Stader i Brent
Bakgrunnsstoff
↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/populationandmigration/populationestimates/datasets/populationestimatesforukenglandandwalesscotlandandnorthernireland .