Enfield er den nordlegaste av bydelane i London. Han blei oppretta ved at den gamle krinsen Enfield blei slått saman med Southgate og Edmonton. Området har vokse til ein stor forstad med godt transportsamband inn til det sentrale London.
Middlesex University har tre campusar i distriktet: Enfield, Cat Hill og Trent Park.