Leo Goldberg (26. januar 1913–1. november 1987) var ein USA-amerikansk astronom. Dei viktigaste forskingsområda hans var solfysiske atomprosessar som var viktige for astrofysiske observasjonar frå romsondar og romstasjonar.
Han var professor og direktør for observatoriet ved universitetet i Michigan frå 1946 til 1960 og professor ved Harvard University frå 1960, direktør for Smithsonian Astrophysical Observatory 1960–1966, og for Harvard-observatoriet 1966–1971. Frå 1971 til 1978 var han direktør for Kitt Peak National Observatory 1971–78. Han var president for International Astronomical Union frå 1973 til 1976.
Prisar
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Biographical Memoirs, s. 130