University of Michigan (U of M eller UM) er eit offentlig (delstatseigd) universitet i Michigan i USA. UM er eit anerkjent forskingsuniversitet og er flaggskipet innanfor høgare utdanning i Michigan. Det høyrer til dei kvalitetsmessig særs høgt rangerte Public Ivy-universiteta.
Universitetet hadde i 2008 18. plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]
Studentfordelinga mellom de tre campusane ved UM er:
UM Ann Arbor – 40 025 studentar (2006)
UM Dearborn – 8 556 studentar (2006)
UM Flint – 6 527 studentar (2006)
Historie
University of Michigan vart skipa i Detroit i 1817. I 1837 flytta universitetet til Ann Arbor, der det framleis har hovudbase. I tillegg til Ann Arbor har UM campusar i Flint og i Dearborn.
Kvinner fekk lov til å studere ved UM alt i 1870, og University of Michigan var det tredje universitetet i USA som tillet dette.
På første halvdel av 1900-talet ekspanderte University of Michigan sterkt, og satsa mykje på forsking. Under andre verdskrigen føregjekk det omfattande militærteknologisk forsking på UM, spesielt for Den amerikanske marinen.
På 1960- og 70-talet hadde universitetet mange politisk radikale studentar. Dette førte til mange protester mot politikken til regjeringa i Søraust-Asia.
Studiar
Det er 25 000 studentar på bachelornivå og 15 000 studentar på masternivå ved University of Michigan i Ann Arbor. Det finst 600 forskjellige studieprogrammer. 90% av studieprogramma er rangert som blant dei 20 beste i USA.
University of Michigan har rundt 5 000 vitskapleg tilsette. Som mange andre forskingsuniversitet brukast i stor grad masterstudentar til å undervise på låggradsnivå.
Skulepengane ved University of Michigan er høgast i USA blant offentlege universiteta. For studentar utanfrå Michigan kostar det omtrent $30 000 i året for undervisinga åleine. For studentar busett i Michigan er skulepengane omtrent US$ 6 000 – 10 000.
Som ved dei fleste universiteta i USA er det amerikansk fotball som er den mest populære idretten. Wolverines vann den første Rose Bowl i 1902 og har til saman elleve nasjonale sigrar. Det siste nasjonale meisterskapen vart vunnen i 1997. Tre vinnarar av Heisman-troféet som årleg vert gjeve til den beste spelaren i amerikansk college fotball, har kome frå University of Michigan. Heimebanen til Wolverines i amerikansk fotball er Michigan Stadium, som med ein kapasitet på 107 500 er det største i verda i sitt slag. Hovudrivalane til Wolverines er Michigan State Spartans, Notre Dame Fighting Irish og Ohio State Buckeyes.
Bibliotekressursar
Bibliotekene ved University of Michigan har 8 134 millionar titlar, som gjer det til det tolvte største biblioteket i USA (2006).[2]