Langobardisk
Langobardisk er eit utdøydd vestgermansk språk. Det vart snakka av langobardane, dei tysktalande nybyggjarane i Italia på 500-talet. Frå 600-talet vart språket brukt mindre og mindre, men mykje tydar på at det kan ha vore i bruk heilt fram til rundt år 1000. Språket er berre bevart i fragment, hovudsakleg som sitat av enkeltord i latinske tekstar. Ein del finst i latiniserte runeinnskrifter og i transkripsjonar påverka av gammalhøgtysk ortografi. Dette «langobardiske alfabetet» inneheld desse grafema:
der qu svarar til ein [kw]-lyd, ʒ er [s], z er [ts] og h er [h] i starten av ord og [x] andre stader. PrimærkjelderNokre av dei langobardiske primærkjeldene er:
Transkripsjon: arogisd. Arogisd/Arogist/Arogast var eit namn, truleg det til runeskrivaren. Transkripsjon: alaguþleuba : dedun. "Alaguth (og) Leuba laga (den)"[1], Alaguth og Leuba er to jentenamn, dedun, 'dei laga' som gammalhøgtysk tuon.
Transkripsjon: godahid unj[a] = "(Til) Godahi(l)d (med) glede(?)"[1] Transkripsjon: (k?)arsiboda segun = " Arsibodas signing(?)"[1].
I 2005 offentleggjorde ei gruppe bulgarske forskarar si tolking av teksten: «Eg venter ikkje på æva, eg er æva»/«Eg ventar ikkje på tida, eg er Tida».
Bakgrunnsstoff
Kjelder
|