Koji Alexander Murofushi (fødd 8. november1974) er ein japansk sleggekastar frå Numazu i Shizuoka-prefekturet. I 2004 vann han sleggekast-tevlinga under dei olympiske leikane i Athen framfor kviterussaren Ivan Tsikhan. Etter tevlinga var det ungararen Adrián Annus som stod øvst på sigerspallen, men han vart seinare dopingdømd og måtte levere gullmedaljen til Murofushi. Murofushi vart verdsmeister 2011 i sleggekast, tidlegare (1998 og 2002) vann hann Asia-leikane.
Murofushi er 187 cm høg og veg 89 kg. Den personlege rekorden hans i sleggekast frå 2003 er 84,86 meter, noko som gjer at han er på femteplass verdsstatistikken i sleggekast. Han er son til Shigenobu Murofushi, som var ein sleggekastar på høgt internasjonalt nivå på 1960-/70-talet.