Københavns Universitet (latinUniversitas Hafniensis) er det eldste universitetet i Danmark og eit av dei eldre universiteta i Nord-Europa. Universitetet i København vart grunnlagd i 1479 av kong Christian I.
Fram til reformasjonen i 1536 var Københavns Universitet ein del av den romersk-katolske kyrkja, og derfor førte biskopen i Roskilde tilsyn med universitetet. I samband med reformasjonen tok statsmakta over denne oppgåva.
Inntil statsmakta tok over hadde universitetet eit omfattande sjølvstyre, som mellom anna medførte at det ikkje var underlagt det normale rettsvesenet, men derimot hadde eigne lover og domstolar og eige ordens- og fengselsvesen.
Fengselscellene kan ein framleis sjå i universitetets noverande kjellar.
MagisterPeder Albertsen var universitetets første rektor, og han vart av kongen pålagt å finne eit tal lærde, slik at universitetet si verksemd kunne ta til. Frå innviinga i 1479 fram til 2004 vart universitetet leia av rektor og konsistorium. Ved årsskiftet 2004/05 vart konsistoriet lagt ned og erstatta av eit styre og ei tilsett leiing (rektor, prorektor, dekanar og institutleiarar).