Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Kímolos 810 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 718 innbyggjarar.[1]
Øya har ikkje så mykje turisme og vert rekna som ei mellomklasse, landleg øy. Kímolos er det administrative senteret for seg sjølv og fleire ikkje-busette øyar som Polýegos, Ájos Evstáthios og Ájos Jeórjos.
Historie
Kímolos er ei øy med rik historie. Namnet kjem frå Kímolos, dei første innbyggjarne på øya. Ekhinoúsa er eit anna namn på øya som vart nytta under antikken, og stundom òg i dag. I antikken var ho ei slagmark mellom Aten og Sparta, som styrte over Mílos. I mellomalderen vart ho kalla Argentiera, på grunn av den sølvfarga bergarten på sørkysten. Sidan desse tider vart stein frå øya transportert til andre stader, og øya vart på grunn av dette eit handelssentrum. I lag med resten av Hellas vart ho styrt av Det osmanske riket, og i 1829 vart ho annektert av Hellas i lag med resten av Kykladane.
Innbyggjarar
I meir enn 150 år var innbyggjarane eit fattig jordbruksfolk, men tidleg på 1990-talet byrja turismen å utvikle seg også her. Levestandarden til innbyggjarane auka, men likevel har mange flytta frå øya, og i dag bur det ikkje meir enn 800 personar, stort sett pensjonistar, her om vinteren.