Lipsí (gresk Λειψοί), òg kalla Leipsoi, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet.
Lipsí er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Lipsí 778 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]
Av naboøyar finn ein Sámos og Arkí i nord, Pátmos i vest og Léros i sør.
Byar og tettstader
Den einaste tettstaden i kommunen er:
Tettstad |
Folketal 2011[3] |
Folketal 2021[1]
|
Lipsí |
790 |
778
|
Småøyar i kommunen:
Referansar