Ro har nesten aldri vore busett i moderne historie, bortsett frå ein gresk patriot som gjorde ho kjend, Déspina Akhladióti. Kvar dag heiste Akhladióti eit gresk flagg, klart synleg frå tyrkisk jord, på øya. Denne patriotiske handlinga gjorde Akhladióti kjend rundt om i Hellas fram til ho døydde i 1982.[2]
Ein liten gresk militærstyrke er i dag stasjonert på øya, mellom anna for å halde fram tradisjonen med å heise flagget.
Ved folketeljinga i 2011 var det ingen permanente innbyggjarar på øya.[3]
Det vart registrert 1 innbyggjar ved folketeljinga i 2021.[1]