Den største byen og administrasjonssenteret på øya er Náxos by, stundom kalla Khóra. Andre større landsbyar er Filóti, Apérathos, Tragéa (Khalkí), Kóronos, Sagrí og Apóllonas.
Ved folketeljinga i 20121 hadde kommunaleininga Náxos 14 708 innbyggjarar, medan tettstaden Náxos by hadde 8 551 innbyggjarar.[1]
Náxos er ein populær turistdestinasjon med fleire lett tilgjengelege ruinar. Ho har mange vakre strender som Ajía Ánna, Ájos Prokópios, Kastráki, Mikrí Vígla, Pláka og Ájos Jeórjos, dei fleste nær Khóra.
Náxos er den frodigaste øya i Kykladane. Ho har god tilgang på vatn, som det elles finst lite av i området. Fjellet Zas (999 moh) er den høgaste toppen i Kykladane og fører til orografisk nedbør, som gjev meir nedbør på Náxos enn dei omliggande øyane.
Náxos i mytologien
I følgje gresk mytologi var den unge Zevs oppdradd i ei grotte i fjellet Zas (Zas tyder Zevs). Homer nemner «Dia», som tyder «den heilage gudinneøya».
Ei segn i heltetida før trojanarkrigen fortel om Thesevs som drog bort frå Ariadne, dotter til Minos, kongen av Kreta, på øya etter ho hadde hjelpt han med å drepe Minotauren og rømme frå labyrinten. Dionysos møtte ho og forelska seg. Men Ariadne, som ikkje orka vere borte frå Thesevs, tok livet sitt, i følgje athenarane, eller steig opp til himmelen i følgje eldre utgåver av soga.
I følgje ei anna segn skal Aloadae ha sett fjella Óssa og Pílio oppå kvarandre før Ólymbos, og gudane såg på dette som ein trugsel. For å løyse problemet fortalde Artemis Otus, ein av dei to brørne til Alodane, at om han stoppa omleiringa av Olympos, så ville ho verte elskaren hans ved Náxos. Ei anna soge fortel at Aloadae faktisk hadde slått seg ned på Náxos.
Historie
På 700- og 600-talet fvt. dominerte Náxos handelen i Kykladane.
I 502 fvt. gjorde innbyggjarane på Náxos opprør mot herrane sine i Persia. Dette opprøret førte til eit større jonisk opprør og så til den gresk-persiske krigen mellom Hellas og Persia.
Den osmanske administrasjonen vart i praksis verande hos venetianarane. Svært få tyrkarar slo seg ned på Náxos og den tyrkiske påverknaden på øya er liten. Det tyrkiske styret varte fram til 1821 då øyane gjorde opprør. Náxos vart til slutt ein del av Hellas i 1832.