Donoúsa (gresk Δονούσα), òg kalla Donoussa, Denousa eller Denoussa, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Stenosa eller Spinosa. I lag med Amorgós er ho ei av dei austlegaste øyane i øygruppa.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Donoúsa 213 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 185 innbyggjarar.[1]
Donoúsa ligg om lag 25 km nord for Amorgós (Katápola), 7 km frå den vesle øygruppa Mákares og 15 km aust for Náxos. Ho er berre 14 km² og består av fjell, åsar, steinar og nokre buskar. Det høgaste punktet er 385 m. Donoúsa har ei lita hamn med båttransport til Náxos og Amorgós.