Jakobselva (nordsamisk Vuorján, russisk Ворьема, Vorjema; finsk Vuoremijoki) er ei elv som ligg dels i Sør-Varanger kommune i Finnmark, dels i Murmansk oblast i Russland, og munnar ut i Varangerfjorden. Den austlegaste og nordlegaste strekninga av grensa mellom Noreg og Russland går i denne elva.
Elva er 45,0 km lang, og har eit nedslagsfelt på 236,44 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 4,13 m³/s.[1] Dei største sideelvene er Holmvasselva, Sandvasselva og Korpvasselva på norsk side av grensa og Siuvjakuru på russisk side.