Island har omfattande vulkansk og geotermisk aktivitet. Sprekken i samband med Den midtatlantiske ryggen, der den eurasiatiske og den nordamerikanske plata dreg frå kvarandre, går langs heile Island frå sørvest til nordaust. Dette kan ein tydeleg sjå i nasjonalparken Þingvellir, der høgdedraga dannar eit uvanleg, naturleg amfiteater. Her låg det første tinget på Island, Alþing, som kom saman første gongen i 930.
Om lag halvparten av arealet til Island, som hovudsakleg har vulkansk opphav, består av kuperte ørkenar av lava og andre øydemarker. 11 % av landet er dekt av dei tre store isbreane:
20 % av landet vert nytta til beite og berre 1% er dyrka. Det pågår for tida eit ambisiøst skogplantingsprosjekt. Ein reknar med at før menneske kom til Island på 900-talet var 30-40 % av Island dekt av skog. I dag er det berre nokre små restar av att avbjørkeskogane. Hallormstaðarskógur og Vaglaskógur er to av dei største.
Dei busette områda ligg langs kysten, særleg i sørvest. Det sentrale høglandet er totalt aude.
Klima
Klimaet på Island er maritimt, sterkt påverka av den varme Golfstraumen og lågtrykka som nesten alltid passerer nær Island. Lågtrykka gjer Island til ein vindfull og skya stad, og Reykjavik har i snitt over 40 dagar med sterk kuling eller meir. Snittemperaturen i Reykjavík er 11 °C i juli og -1 °C i januar, og er den hovudstaden med lågast middeltemperatur om sommaren (om ein ser bort i frå Nuuk på Grønland).
Somrane er litt tørrare enn vintrane, med regn eller regnbyer eit par gonger i veka. Dei vulkanske ørkenane nordaust på Island ligg i regnskuggen av dei store breane og får mindre enn halvparten av nedbørsmengda som Reykjavik får. Reykjavík har om lag same årsnedbør som Oslo, 779 mm, men like mange dagar med regn som Bergen, heile 213 dagar.
Ingen stader på Island får særleg varmt vêr, og berre i dei nordaustlege områda er det vanleg med temperaturar over 20 °C om sommaren. Den nordlege kysten har ofte det mildaste vêret på grunn av sørleg vind som gjev ein fønvindeffekt over dei sentrale fjellområda.
Det meste av Island er dekt av snø frå november til april, men periodar med mildvêr og regn kan minke eller fjerne snødekket i sørlege og austlege område i korte periodar. Kraftige vinterstormar kan føre til snøstorm, som gjer det vanskeleg å ferdast utanfor Reykjavik.