Hofsjökull

Satellittbilete av Hofsjökull
Hofsjökull sett frå Sprengisandur. Bilete viser Arnarfell hiðmikla i midten, Múlajökull til venstre og Þjórsárjökull til høgre.

Hofsjökull er den tredje største isbreenIsland etter Vatnajökull og Langjökull, og dekkjer eit areal på 925 km². Det høgaste punktet strekkjer seg til 1 765 moh.

Breen ligg vest i dei indre områda av Island eller Det islandske høglandet mellom Vatnajökull og Langjökull. Hofsjökull er kjelda til mange elvar, inkludert Þjórsá, den lengste elva på Island. Under isbreen ligg det ein kaldera.

To av dei større hovudvegane i området går langs breen: Sprengisandur og Kjölur.

Ikkje langt sør for breen ligg Kerlingarfjöll, ei fjellkjede som tidlegare var kjend for skisport om sommaren.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hofsjökull

Sjå òg

Kjelde

  • Nasjonal landmåling av Island (på islandsk