Irbid eller Irbed (arabiskمحافظة إربد) er eit guvernement i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret i Irbid er byen Irbid. Guvernementet er det nest største i folketal i Jordan etter Amman guvernement, og det tettast folkesette i landet.
Historie
Irbid har vore kontrollert av greske, romerske og islamskesivilisasjonar som har etterlate seg historiske og arkeologiske stader. Romerske og greske byar som Arabella (Irbid), Capitolias (Beit–Ras), Dion (Al Hisn), Gadara (Umm Qais), Pella (Tabeqt Fahel) og Abello (Qwailbeh) vart grunnlagde her. Dei var medlemmar av Dekapolis: eit forbund som bestod av ti romerske byar i området. Ghassanidane hadde oppretta landet sitt nord i Jordan, og dekte Irbid, Golan og Horan. Det vart skidlra som eit av dei vakraste, syriske landa. Kristendomen spreidde seg her på 100- og 200-talet evt.
Edom- og Ammon-sivilsasjonen heldt til i dette området. Området vart erobra av islamske arabarar i 634 evt.
Under mamelukkane spelte Irbid ei viktig rolle som stoppestad for pilegrimar frå Tyrkia, nord i Irak og sør i Russland. Det vart eit viktig transportknutepunkt og ein inngang til Egypt, Hijaz og Palestina, særleg i tida då Irbid var knytt til Damaskus.
Folketeljinga i 2004 synte at Irbid guvernement hadde eit folketal på 928 292. Estimata for 2009 var like over éin million innbyggjarar.
Administrativ inndeling
Irbid guvernement er kalla opp etter hovudstaden og den største byen. Han er delt inn ni departement kalla alweya, som er fleirtalsforma av liwaa. Mange av desse departementa ligg tett inntil storbyområdet kring Irbid.