Ida Alstad (fødd 13. juni1985) er ein norskhandballspelar frå Trondheim, som i alle sine år som aktiv har spela for Byåsen Idrettslag. Ho har i perioden 2009-12 vunne VM-gull og -bronse, EM-gull og i 2012 OL-gull. Alstad er vanlegvis venstre rykkrom-spelar.
Alstad debuterte på Noregs landslag 23. september 2009 mot Ungarn. Ho var med i alle meisterskapstroppene til Noreg i perioden 2009-12. I sin meisterskapsdebut i 2009 vann ho bronsemedalje i VM etter norsk siger 31-24 over Spania, medan ho i 2010 vart europameister og 2011 verdsmeister, etter sigrar over høvesvis Sverige og Frankrike.
Under OL 2012 i London spela ho ein god kamp i finalen då Noreg vart olympisk meister etter siger 26-23 over Montenegro.
Til august 2012 har Alstad spela 76 landskampar og skåra 183 mål for Noreg.