Veronica Egebakken Kristiansen (fødd 10. juli1990) er ein norsk handballspelar som sidan sommaren 2019 har spelt for ungarske Győri ETO. I tida 2014-24 vann ho tre EM-gull, to VM-gull, OL-gull, VM-sølv og to OL-bronsar med det norske landslaget. Perioden 2013-24 deltok ho i 187 landskampar og skåra 595 mål.
Karriere
Klubbspel
Kristiansen var Våg-spelar til 2011. Dei neste fire åra spelte ho på Glassverket IF, før ho sommaren 2015 melde seg til teneste for Midtjylland. Etter tre år i Danmark fekk ho kontrakt med Győri ETO, med den ungarske klubben vann ho IHF-meisterligaen 2019.
Landslagsspel
Kristiansen landslagsdebuterte 20. mars 2013 mot Danmark. Seinare i debutåret deltok ho i handball-VM 2013. Hausten 2014 vann Noreg EM 2014, der Kristiansen fekk bra med speletid på venstre rykkrom-plass. Ho var ein sentral spelar då Noreg vart verdsmeister i 2015, etter ein klar siger over Nederland i finalen. I året 2016 var ho i august månad med på å take OL-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, og fire månader seinare vart ho europameister for andre gong, Nederland var også her motstandar i begge avslutningskampane.