Verdsmeisterskapen i handball 2013 for kvinner, den 22. i rekka, vart avvikla i tida 6. til 22. desember 2013 i Serbia. Til saman 24 land deltok i turneringa. Brasil vann meisterpokalen etter finalesiger 23-22 mot vertslandet. Det var Brasils aller fyrste VM-triumf i handball og VM-medalje i det heile.
Finalen mellom semifinalevinnarane Serbia og Brasil fann stad i dåverande Kombank-Arena i Beograd framfor 19 467 tilskodarar. I ein jamn kamp låg Brasil ofte eitt eller to mål framom motstandaren. Ved pause leia søramerikanarane 13-11 over vertslandet og då sluttsignalet lydde stod det 23-22 i favør Brasil.
Brasil sine mål kom ved Alexandra do Nascimento (6), Fernanda da Silva (4), Ana Paula Rodrigues (4), Eduarda Amorim (3), Deborah Nunes (2), Deonise Cavaleiro (2) og Daniela Piedade (1). Den brasilianske målvakta Bárbara Arenhart vart kåra til meisterskapens beste målvakt, medan Eduarda Amorim den aller beste spelaren i meisterskapen.
Serbia sine målskårar var Dragana Cvijić (5), Sanja Damnjanović (4), Andrea Lekić (4), Jelena Živković (2), Jelena Nišavić (2), Jelena Popović, Katarina Krpež og Jelena Erić, alle 1 mål.
Ignacio García og Andreu Marín Lorente frå Spania dømde finalekampen. Dei straffa Brasil med to 2-minuttsutvisingar og Serbia med fire.