Handball-EM 2010 for kvinner
Europameisterskapen i handball 2010 for kvinner, den 9. i rekka, vart avvikla i tida 7. til 19. desember 2010 i Danmark og Noreg. Til saman 16 land deltok i turneringa. Noreg sikra seg europameisterpokalen for tredje gong i rad då laget vann finalen mot Sverige med 25 mål mot 20.
Innleiande runde
Gruppe A
# |
Lag |
K |
S |
U |
T |
Mål |
± |
P
|
1 |
Danmark |
3 |
3 |
0 |
0 |
72–61 |
11 |
6
|
2 |
Romania |
3 |
2 |
0 |
1 |
92–79 |
13 |
4
|
3 |
Spania |
3 |
1 |
0 |
2 |
71–75 |
−4 |
2
|
4 |
Serbia |
3 |
0 |
0 |
3 |
71–91 |
−20 |
0
|
Gruppe B
Gruppe C
Gruppe D
Mellomrunden
Gruppe I
Gruppe II
Sluttspelet
Kamp om 5.-plass
Semifinalar
Bronsefinale
EM-finalen
Noreg og Sverige møttest til finalekamp i Herning framfor 11 004 tilskodarar. Dei to laga fylgde kvarandre til 4-4 før Sverige drog ifrå og var oppe i 10-7, til pause leia svenskane 11-10. I andre omgangen utlikna Noreg og då dei norske kvinnene gjekk frå 13-13 til 17-13, fekk Noreg kontroll over kamputviklinga. Sidan kom det svenske mannskapet aldri nærare enn tre mål under og sluttresultatet vart 25-20. Dermed kunne Noregs lag bokføre landets femte EM-tittel i handball.
Flest mål for Noreg skåra lagkaptein Gro Hammerseng og Heidi Løke, 5 stykke på kvar, vidare netta Camilla Herrem 4 gongar, Linn Sulland og Karoline Breivang 3, Tonje Nøstvold 2, Marit Frafjord, Tonje Larsen og Nora Mørk skåra 1 mål. Katrine Lunde Haraldsen vakta det norske målet. Elles tok Linn-Kristin Riegelhuth, Kari Mette Johansen, Ida Alstad, Tine Stange og andremålvakt Kari Aalvik Grimsbø del i kampen, medan Stine Oftedal var med i innleiinga av meisterskapen.
Med sine 7 nettkjenningar vart svenske Isabelle Gullden kampens toppskårar.
Danskane Martin Gjeding og Mads Hansen dømde finalekampen. Dei straffa Noreg med ei 2-minuttsutvising og Sverige med to.
Kjelder
|
|