Huizhou (kinesisk: 惠州; pinyin: Hùizhōu) er eit byprefektur aust for dei sentrale delane av provinsen Guangdong, ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 10 922 km² og 4 598 002 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Huizhou består av to distrikt (区 qū) og tre fylke (县 xiàn).
Huizhou grensar i vest til provinshovudstaden Guangzhou. Det vestlegaste distriktet i Huizhou, Huiyang, er i dag ein del av det største byområdet i verda, Guangzhou-Shenzhen-området, med i kring 40 millionar innbyggjarar.