Nanjing (uttalt /nantʃiŋ/) eller tidlegare Nanking er ein by og regionshovudstad i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Samtidig er Nanjing framleis offisielt rekna som hovudstad i Republikken Kina som i dag berre ligg på øya Taiwan.
Historie
Byen ligg ved sørbreidda av Chang Jiang og har tradisjonelt vore eit viktig senter i Aust-Kina. Ein reknar med at han var verdas største by rundt år 1400.
I 1937 fann dei såkalla Nanjing-massakrane stad i og rundt byen då den japanske hæren drap mellom 40 000 og 300 000 menneske. Dette er ei hending som framleis tyngjer tilhøvet mellom Kina og Japan.
Etter den kommunistiske overtakinga i 1949, vart Nanjing utbygd med diverse ulike industriverksemder. I dag finst det òg bilfabrikkar her.
Administrasjon
Leiaren for lokallaget av Kinas kommunistparti er Zhang Jinghua, og borgarmeisteren er Han Liming (2020).
Kjelder