Namnet Guangxi (forenkla kinesisk广西, tradisjonell kinesisk廣 西, pinyinGuǎngxī, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi) er avleidd frå Guǎng (forenkla kinesisk广, tradisjonell kinesisk廣) som tyder 'veldig område', og er blitt brukt om regionen sidan skipinga av Guang-prefekturet i år 226.[1] Guangxi og naboprovinsen Guangdong har dei bokstavelege tydingane 'veldig område vest' og 'veldig område aust'.
I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.
Folkesetnad
Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folkegrupper. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.