Tangshan si plassering i Hebei
Minnesmerket over ofra for 1976-jordskjelvet i Tangshan
Tangshan (kinesisk skrift 唐山, pinyin Tángshān ) er eit byprefektur i provinsen Hebei ved den kinesiske kysten mot Gulehavet . Prefekturet har eit areal på 13 472 km² og om lag 7,1 millionar innbyggjarar.
Byprefekturet Tangshan består av seks distrikt, to byfylke og seks fylke. Byen Tangshan ligg ca 135 km aust for Beijing og nordaust for Tianjin . Tangshan har stor porselensindustri og vert kalla for porselenshovudstaden i Nord-Kina.
Den 28. juli 1976 råka det mest dødelege jordskjelvet i det 20. hundreåret prefekturet, jordskjelvet i Tangshan . Over 242 000 menneske omkom.
Samferdsle
Tangshan er stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghabanen som går frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin , Shenyang og Changchun .
Riksveg 112 i Kina, ein ringveg som går rundt Beijing byprovins, fører gjennom området. Også Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han byrjar i Shanhaiguan og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong . Undervegs går han gjennom Tianjin , Zibo , Huai'an , Nanjing , Wuhu , Sanming , Heyuan og Huizhou .
Kjelder