Hey Good Lookin'
«Hey, Good Lookin'» er ein song av Hank Williams, skriven som ein variant av ein song med same namn, liknande tekst og liknande melodi av Cole Porter frå 1942. Williams-versjonen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2001.[1] Sidan den første innspelinga i 1951 er songen blitt spelt av mange andre artistar. LåtskrivingHank Williams var ven med musikaren Jimmy Dickens. Han sa til Dickens at Dickens måtte ha ei hitplate om han ønskte å bli ei stjerne, og Williams sa han skulle skrive denne songen for han. Han skreiv songen på 20 minuttar på eit fly i lag med Dickens, Minnie Pearl, og ektemannen til Pearl, Henry Cannon.[2] Ei veke seinare spelte Williams inn songen sjølv og sa på spøk til Dickens, «Den songen er for bra for deg!»[3] InnhaldTeksten i songen byrjar som ein flørt med doble tydingar knytt til matlaging («How's about cooking somethin' up with me?»). I tredje og fjerde verset lover songaren jenta at han berre skal halde seg til ho, om dei vert saman («How's about keepin' steady company?» og «I'm gonna throw my date book over the fence.»).[4] Lister
I andre mediaSongen er med i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas, på countrystasjonen K-Rose. Andre hitversjonarI 1951 spelte Jo Stafford og Frankie Laine inn ein versjon av songen som ein duett. Denne nådde 21. plassen på Billboard Hot 100-lista.[5] Ray Charles spelte inn songen i 1962 på albumet Modern Sounds in Country and Western Music. The Mavericks-versjonen
Countrybandet The Mavericks gav ut ein versjon av songen i 1992 på albumet From Hell to Paradise. Denne utgåva nådde 74. plassen på country-lista.[6]
Jimmy Buffett-versjonen
I 2004 spelte Jimmy Buffett inn ein versjon av songen for hans License to Chill. Clint Black, Kenny Chesney, Alan Jackson, Toby Keith og George Strait var alle med på utgåva, som nådde åttandeplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks (i dag Hot Country Songs) i 2004. Det vart laga ein musikkvideo av songen, regissert av Trey Fanjoy og Stan Kellam.
Årsliste
Andre versjonarAndre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Roy Orbison, Waylon Jennings, Johnny Cash, Kenny Loggins og Jim Messina, George Jones, Conway Twitty og Loretta Lynn, Buck Owens, Charlie Rich, Freddie Fender, Nitty Gritty Dirt Band, Carl Perkins, Roy Acuff, Gene Vincent, Pat Boone, Tennessee Ernie Ford, Willie Nelson, Mose Allison, Faron Young, Jerry Lee Lewis, Tammy Wynette, Hank Williams jr., Del Shannon, Roger Miller, Eddy Arnold, Dinah Washington, Ray Price og Percy Sledge Kjelder
Bakgrunnsstoff |