Heilage Jørgen

Heilage Jørgen

Fødd275
FødestadKayseri
Daud303 etter tradisjonen
DødsstadNikomedeia, Lod
Yrkesoldat, drakedreper, taumaturg
HelgendagKatolsk, ortodoks, anglikansk: Jørgensdagen, 23. april (for ortodokse kyrkjer som følgjer juliansk kalender fell feiringa på 6. mai etter gregoriansk);
  • Ortodoks: 10. november (kan tilsvara gregorianske 23. november)
  • Georgia: 10. (jul.) 23. (greg.)[1]
  • Russisk-ortodoks: 26. november (9. desember) etter vigslinga av domkyrkja vigd Jørgen i Kiev
VernehelgenNasjonalhelgen for Georgia og England, vernehelgen for fleire andre land og område, for yrkesgrupper som soldatar, bønder, slaktarar, bøkkarar og for speiding, og vern mot feber, hudsjukdommar og annan sjukdom.
SymbolFramstilt i kamp mot dragen med sverd eller spyd, ofte på ein kvit hest

Den heilage Jørgen eller sankt Georg er ein folkekjær helgen innan kristendommen som særleg er kjend for å ha sigra over ein drake. Jørgen skal ha vore ein riddar er knytt til Kappadokia og Palestina. Han er rekna som vernehelgen for fleire grupper og område, mellom anna England og Georgia, som begge nyttar den raude georgskrossen på kvit bakgrunn som nasjonalflagg. Namnet Jørgen er utbreidd over store delar av verda i ulike variantar.

Liv

Det finst ikkje handfaste prov på at Jørgen har levd, og allereie på 400-talet fanst det tvil om livet til helgenen. Soga hans blei særleg kjend i Vesten gjennom mellomalderverket Legenda Aurea, 'Gylne soger', frå 1200-talet.

Jørgen skal ha blitt fødd i Kappadokia i Vesle-Asia av kristne foreldre, i det minste ei kristen mor. Faren skal ha vore frå dette området medan mora var frå Palestina. Då faren døydde flytta ho og sonen tilbake til Palestina, der Jørgen gjekk inn i den romerske hæren og steig i gradene til offiser.[2] Ei anna soge plasserer han i Nubia.[3]

Heilage Jørgen og draken. Altertavle frå ca. 1470 i Praha.

Kvar, kva tid og korleis han døydde finst det ulike utsegner om; Persia, Lidda i Palestina (no Lod i Israel) og Nikomedia (no Izmid i Tyrkia) er nemnde som dødsstader, og han skal ha døydd ein gong før Konstantin den store. Gjennom handlingane sine skal han ha omvendt fleire tusen menneske til kristendommen.

Jørgen og draken

Heilage Jørgen er best kjend for sigeren sin over ein drake som truga ein by. Ifølgje Gylne soger levde draken i ein innsjø ved byen Silene i Libya. Draken kravde to dyr eller menneske kvar dag for å ikkje forgifta heile byen. Først tok han sauene til innbyggjarane i byen, og deretter barna deira. Då kongsdottera stod for tur til å ofrast, kom Jørgen forbi. Han drog sverdet, slo krossteikn og såra så draken med spydet sitt. Deretter følgde udyret lydig prinsessa i band. Dei gjekk inn i byen, og Jørgen baud alle innbyggjarane å ta dåpen, elles ville han sleppa laus draken att. Heile byen blei då døypt, og Jørgen halshogg draken. Kongen reiste ei kyrkje for han og Jomfru Maria, og ei heilag kjelde med lækjande vatn sprang opp.[4]

Russisk ikon av Jørgen som viser ulike hendingar frå soga hans.

Martyrdom

Jørgen skal ha døydd som martyr. Det finst fleire utførlege skildringar av korleis han blei drepen. Ei oppstykka utgåve av georgsoga på manuskriptfragment frå 400-talet fortel at Jørgen blei forsøkt drepen tre gonger – kutta opp i bitar, levande begravd og brend – men at Gud redda han kvar gong.[5] Ein annan tradisjon knyter Jørgen til ei soge fortald av Eusebius av Cæsarea (ca. 260-340) om ein namnlaus martyr frå Nikomedia som ved Diokletian-forfølginga i 303 reiv ned eit romersk edikt mot all kristen utøving. For dette bøtte han med livet.[2] Jørgen skal også ha gjort sterk motstand mot dei tvungne ofringane til heidenske gudar som romarane påbaud, og for dette ha bli torturert og drepen.

Gylne soger fortel at Jørgen under Diokletian og Maximian sine blodige kristenforfølgingar gav bort alt han åtte, gjekk inn i eit romersk tempel, kalla dei heidenske gudar djevlar og sin eigen Gud den einaste guden. Hovudpresten Dacian lét seg ikkje omvenda til kristendommen, men fekk i staden Jørgen torturert og fengsla. Forvandlaren hans gav Jørgen forgifta vin, men denne slo krossteikn over vinen og drakk han utan å koma til skade. Då omvende forvandlaren seg til kristendommen, og blei sjølv martyrdrepen. Deretter prøvde Dacian å koka han i bly, men Jørgen vørte det ikkje. Så skulle Jørgen framføre eit offer for dei heidenske gudane. I staden knelte han og bad til Gud, som sende eld frå himmelen for å brenna tempelet og opna jorda for å sluka dei heidenske prestane og gudebileta. Ein rasande Dacian gav til slutt ordre om at Jørgen skulle halshoggast, og etter ei bøn om at alle som bad Gud om noko i hans namn, skulle få bøna oppfylt, møtte Jørgen endeleg martyrdøden. På veg heim frå rettarstaden kom eld frå himmelen og drap Dacian og alle tenarane hans.[4]

Grava til Jørgen i dagens Lod i Israel.

Ei rekkje personar skal ha konvertert til kristendommen som følgje av møte med Jørgen eller etter å ha vitna lidingane hans. Heilage Alexandra skal ha vore kona til Diokletian og blitt omvend då ho vitna trusstyrken til Jørgen. Helgenane Eusebius, Neon og følgjarane deira blei kristne etter å ha vore vitne til martyriet hans, og lei seinare same skjebne.[6]

Jørgen skal ha blitt gravlagd i Lidda, og ei kyrkje er reist over gravstaden hans.

Dyrking

Bilete frå 1300-talet av Jørgen frå ei kyrkje tileigna han i Staro Nagoričane i Makedonia.

Heilage Jørgen er kjend som «megalomartyr», 'stor martyr' og thaumaturg, 'underbringar' i den ortodokse kyrkja, og har to festdagar, 23. april og (som regel) 10. november.[7] Innan katolsk kristendom er han rekna som ein av dei fjorten nødhjelparane .[8] Den gresk-ortodokse kyrkja reknar han som soldathelgen saman med heilage Demetrius og Theodor. I georgisk kristendom er Jørgen knytt til heilage Nino, som spreidde kristendommen i Georgia og skal ha vore ein slektning av han.

Kulten rundt den heilage Jørgen voks fram i austkyrkja frå 300-talet, og staden som skal vera grava hans i Lydda var eit tidleg valfartsmål.[2] I Roma kjenner ein til dyrking av Jørgen frå slutten av 600-talet, men han er nemnd allereie i Decretum Gelasianum frå 400-talet.[9] Ein dyrka han i England frå 700-talet.[6]

Under krosstoga fekk helgenen ei større tyding i Vest-Europa. Han skal ha vist seg for stridande i mange høve. Mellom anna blei det fortald at han opptredd saman med heilage Demetrius på frankisk side under beleiringa av Antiokia i 1098.[10] Han kom også til hjelp under Rikard Løvehjarte sitt krosstog.[2] Men Jørgen er òg rekna som ein heilag mann innan islam, som døydde 'med muslimsk and'.[11]

Jørgensdagen 23. april blei utnemnd til ei mindre høgtid ved den nasjonale synoden for England i 1222, og opphøgd til ei større høgtid (festum duplex) i 1415, med ei feiring lik juledag. Det var forplikta heilagdag, ein dag då ein måtte gå til messe, for engelske katolikkar fram til 1778.[5] På 1900-talet fekk høgtida mindre tyding i den katolske kyrkja, og markering av jørgensdagen er valfri.[9]

Helgenen fekk ein viktig plass i ulike høgtider, og folk utkledd som han har teke del i hendingar som opptog og spel. Namnet hans i mange variantar, som Göran, Georg, George, Jorge, Jürg, Jurij og det nordiske Jørgen, er eit utbreidd personnamn. Gjennom fleire av desse namneformene har han gjeve namn til ulike stader, anten direkte som landet Georgia i Kaukasus, St. George's på Bermuda og på Grenada og ulike bygningar, som St. Jørgenshospital i Norden, eller indirekte etter personar med namnet hans, som delstaten Georgia i USA og Georgetown i Guyana og i Malaysia.

Jørgen har framleis ein viktig plass i folketrua, og er eit lokalt og nasjonalt symbol mange stader i verda. Han skal ha vist seg ei rekkje gonger gjennom tidene, og blir rekna som ein mirakelgjevar som kan lækja sjuke.

Innan islam er Jørgen blitt sett i samband med helten Al Khidr.[3] Mange av heilagdommane og høgtidene hans i Midtausten blir også markert av muslimar.[12]

Vernehelgen

Mosaikk av Jørgen (San Jordi) utanfor sjukehuset Hospital de la Santa Creu i Sant Pau i Barcelona.

Ei rekkje stader har Jørgen som vernehelgen. Han er teken til vern av statar som Etiopia, Georgia, Hellas, Litauen, Malta, Moldova, Montenegro, Portugal, Russland. Serbia og Tyskland, og av understatlege område som England, Aragon, Katalonia og den maltesiske øya Gozo. Byar som Amersfoort, Barcelona, Beirut, Bteghrine, Cáceres, Fakiha, Ferrara, Freiburg, Genova, Kumanovo, Ljubljana, Lod, Moskva, Pomorie, Preston, Qormi, Rio de Janeiro og Venezia har også Jørgen som vernar.[8]

Jørgen står som helgen for militær siger og for grupper som riddarar, soldatar, bogeskyttarar og våpensmedar. På grunn av namnet, som tyder 'ein som dyrkar jorda', er Jørgen også rekna som vernar for bønder, hestar og kveg. Han er vernehelgen for yrkesgrupper som bøkkarar, bergverksarbeidarar, kunstnarar, slaktarar og salmakarar. Fangar og vandringsfolk kan også påkalla han. Han er vernar for Den tyske ordenen og georgsriddarordenen og folk som høyrer til desse. Speidarrørsla har teke den heilage Jørgen som vernehelgen og feirar dagen hans.[9] Den engelske hosebandsordenenen, rekna som den høgste av dei europeiske ridderordenane, er også kalla St. Georgs-ordenen og blei vigd Jørgen ved opprettinga i 1348.[8] Den nyare georgskrossen er ei britisk utmerking for heltemot som blei stifta i 1940.

Helgenen har òg vore rekna som ein hjelp mot feber og hudsjukdommar, og mot særskilde sjukdommar som pest, spedalskheit og syfilis.[8] Han kan vera ein vernehelgen for sjukehus. Han er eit vern mot freistingar og er rekna som hjelpar for vêret.[8]

Framstilling og tolkingar

Utsnitt frå 'Lansestikket' (1620) av Peter Paul Rubens.

Framstillingar av helgenen er svært utbreidde innan kristen kunst, særleg frå 1200-talet fram til 1500-talet.[9] Jørgen blir ofte framstilt på ein hest i kamp med draken, med sverd eller lanse, og ei kvinne som tilskodar. Ofte ber han eit banner med raud kross på kvit botn; georgskrossen. Hesten til Jørgen er ofte kvit, men er i nokre høve brun som eit symbol på såtida om våren. Han er då ein motsats til Martin av Tours, som blir feira ved byrjinga av vinteren og gjerne har kvit hest.[8]

Jørgen sin siger over draken er mykje likt den greske soga om Persevs som redda kongsdottera Andromeda frå eit udyr, og sogene er blitt sette i samband med kvarande i fleire samanhengar, mellom anna i kunstnariske framstillingar.[13] Ein kamp med ein krokodille er elles blitt nemnd som eit mogleg utgangspunkt for soga. Men draken er også blitt tolka symbolsk, som ein tyrann, Diokletian eller Dadian, som sigeren av det gode over det vonde, med draken som ein slags djevel, eller som kristendommen sin siger over heidenskap.[2]

Kjelder

  1. Official Georgian Holidays
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ST. GEORGE Arkivert 2010-04-25 ved Wayback Machine., catholicnewsagency.com, APRIL 23, 2011
  3. 3,0 3,1 Giles Morgan, St. George, the pocket essential guide, 2006
  4. 4,0 4,1 The Golden Legend:  St. George. Internet Medieval Sourcebook.
  5. 5,0 5,1 Herbert Thurston, «St. George», The Catholic Encyclopedia (1909)
  6. 6,0 6,1 Matthew Bunson; Margaret Bunson; Stephen Bunson (2003 ), Our Sunday Visitor's encyclopedia of saints, Our Sunday Visitor Publishing 
  7. Maria Donadeo, Byzantine liturgy and iconography
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Den hellige Georg (~280 (?)-~303) ved katolsk.no
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «Sankt Georg» i Store norske leksikon, snl.no., «Georgkulten» i Store norske leksikon, snl.no.
  10. Medieval Sourcebook: Gesta Francorum
  11. Sir H. A. R. Gibb, Encyclopedia of Islam 
  12. William Gourlay, Muslims who venerate St George Arkivert 2011-09-15 ved Wayback Machine., EurekaStreet.com.au, APRIL 12, 2011
  13. Anatoly T Fomenko, History: Fiction or Science?, Volume 2  2005

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Heilage Jørgen

Read other articles:

Gay bar in Minneapolis Entrance to The Saloon The Saloon Minneapolis is a gay bar located at 830 Hennepin Avenue (downtown Minneapolis).[1] It is co-owned by John Moore and Jim Anderson.[2] It is one of the oldest gay bars currently in operation in Minneapolis, founded in 1977.[3][4] The Saloon is an important gay culture icon in the Twin Cities that is regularly featured in the popular press and oral histories.[5][6] Local CBS affiliate WCCO ra...

 

British thriller television series The Devil's HourGenre Thriller Drama Supernatural Created byTom MoranWritten byTom MoranStarring Jessica Raine Peter Capaldi Nikesh Patel Music byThe Newton BrothersCountry of originUnited KingdomOriginal languageEnglishNo. of series1No. of episodes6ProductionExecutive producers Sue Vertue Steven Moffat Tom Moran Production locations London Farnborough Film Studios Wokingham Cinematography Stuart Biddlecombe Bjørn Ståle Bratberg Editors Joe Randall-Cutler ...

 

فيكتوريانو لغويزامون   معلومات شخصية الميلاد 23 مارس 1922  كونسيبسيون  تاريخ الوفاة 7 أبريل 2007 (85 سنة)   مركز اللعب لاعب وسط الجنسية باراغواياني المنتخب الوطني سنوات فريق مشاركات (أهداف) منتخب باراغواي لكرة القدم المواقع مُعرِّف موقع football-teams 63259  2 عدد مرات الظهور م...

Artikel ini sebatang kara, artinya tidak ada artikel lain yang memiliki pranala balik ke halaman ini.Bantulah menambah pranala ke artikel ini dari artikel yang berhubungan atau coba peralatan pencari pranala.Tag ini diberikan pada Desember 2023. The Bellamy Brothers (gambar pada 2013) memiliki singel countru nomor satu pertama mereka pada 1979 dengan If I Said You Had a Beautiful Body Would You Hold It Against Me. Hot Country Songs adalah sebuah tangga rekaman yang memberikan peringkat kepada...

 

Elang tiram Status konservasi Risiko Rendah (IUCN 3.1) Klasifikasi ilmiah Kerajaan: Animalia Filum: Chordata Kelas: Aves Ordo: Falconiformes Famili: PandionidaeSclater & Salvin, 1873 Genus: PandionSavigny, 1809 Spesies: P. haliaetus Nama binomial Pandion haliaetus(Linnaeus, 1758) Pandion haliaetus Elang tiram atau Elang ikan, yang dalam nama ilmiahnya Pandion haliaetus adalah salah satu-satunya spesies dalam suku Pandionidae dan genus Pandion. Spesies ini berukuran besar, denga...

 

Canadian politician The HonourableJulian FantinoPC COM OOnt OMRIFantino in November 2012Member of Parliamentfor VaughanIn officeNovember 29, 2010 – August 4, 2015Preceded byMaurizio BevilacquaSucceeded byFrancesco SorbaraAssociate Minister of National DefenceIn officeJanuary 5, 2015 – November 4, 2015Prime MinisterStephen HarperPreceded byKerry-Lynne FindlaySucceeded byKent HehrIn officeMay 18, 2011 – July 4, 2012Prime MinisterStephen HarperPreceded by...

This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Supafest – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (May 2023) (Learn how and when to remove this template message)Music festival SupafestGenre Urban R&B hip-hop rap pop DatesAprilLocation(s)AustraliaAdelaide (2010)Brisbane (2010–2012)Melbourne (2010�...

 

La Colombie est divisée en trente-deux départements et un district capital (Bogota D.C.). Historique Évolution territoriale de la Colombie (1886-2024) Les États souverains des États-Unis de Colombie entre 1863 et 1886. Les départements colombiens en 1905. Les départements colombiens en 1908. Les départements colombiens en 1912. Les départements colombiens en 1916. Les départements colombiens en 1928. Les départements colombiens en 1942. Les départements colombiens en 1958. Les dé...

 

American beverage restaurant chainThis article contains content that is written like an advertisement. Please help improve it by removing promotional content and inappropriate external links, and by adding encyclopedic content written from a neutral point of view. (November 2023) (Learn how and when to remove this template message)Kung Fu TeaKung Fu Tea's logoCompany typePrivately held companyIndustryFood and beverageFoundedApril 30, 2010; 13 years ago (April 30, 2010) in Flushin...

Saint-MédardcomuneSaint-Médard – Veduta LocalizzazioneStato Francia Regione Nuova Aquitania Dipartimento Charente ArrondissementCognac CantoneCharente-Sud TerritorioCoordinate45°30′42″N 0°08′10″W / 45.511667°N 0.136111°W45.511667; -0.136111 (Saint-Médard)Coordinate: 45°30′42″N 0°08′10″W / 45.511667°N 0.136111°W45.511667; -0.136111 (Saint-Médard) Altitudine55 m s.l.m. Superficie8,29 km² Abitanti286[...

 

Brazilian footballer In this Portuguese name, the first or maternal family name is Jesus and the second or paternal family name is Silva. Dida Dida in 2010Personal informationFull name Nélson de Jesus Silva[1]Date of birth (1973-10-07) 7 October 1973 (age 50)Place of birth Irará, Bahia, BrazilHeight 1.96 m (6 ft 5 in)[2]Position(s) GoalkeeperYouth career1990 Cruzeiro de Arapiraca1991–1992 VitóriaSenior career*Years Team Apps (Gls)1992–1993 Vitór...

 

The Key Peninsula lies at the heart of South Puget Sound. The Key Peninsula lies along Puget Sound to the south of Kitsap Peninsula in the U.S. state of Washington. It is part of Pierce County and is bordered to the west by Case Inlet and to the east by Carr Inlet. The peninsula is approximately 16 miles (26 km) long and has two Washington State Parks.[1] History The Key Peninsula was originally home to several Native American tribes, including the Squaxin Island and Nisqually. N...

Hans von Marées, Esperidi (trittico), München, Neue Pinakothek Le Esperidi sono figure della mitologia greca e secondo le leggende custodivano il giardino dei pomi d'oro di Era[1]. Indice 1 Genealogia 2 Attività e caratteristiche 3 Vicende mitologiche 4 Iconografia 5 Note 6 Altri progetti 7 Collegamenti esterni Genealogia Le Esperidi erano ninfe la cui genealogia varia a seconda delle versioni, poiché le più antiche le considerano figlie della Notte,[1] e di Erebo, mentre...

 

Commune in Auvergne-Rhône-Alpes, FranceBrives-CharensacCommune Coat of armsLocation of Brives-Charensac Brives-CharensacShow map of FranceBrives-CharensacShow map of Auvergne-Rhône-AlpesCoordinates: 45°02′51″N 3°55′39″E / 45.0475°N 3.9275°E / 45.0475; 3.9275CountryFranceRegionAuvergne-Rhône-AlpesDepartmentHaute-LoireArrondissementLe Puy-en-VelayCantonLe Puy-en-Velay-3IntercommunalityCA du Puy-en-VelayGovernment • Mayor (2020–2026) Gill...

 

Rhododendron eudoxum Klasifikasi ilmiah Kerajaan: Plantae (tanpa takson): Tracheophyta (tanpa takson): Angiospermae (tanpa takson): Eudikotil (tanpa takson): Asterid Ordo: Ericales Famili: Ericaceae Genus: Rhododendron Spesies: Rhododendron eudoxum Nama binomial Rhododendron eudoxumBalf. f. & Forrest Rhododendron eudoxum adalah spesies tumbuhan yang tergolong ke dalam famili Ericaceae. Spesies ini juga merupakan bagian dari ordo Ericales. Spesies Rhododendron eudoxum sendiri merupakan ba...

Berikut adalah daftar wilayah metropolitan di Asia. Kota metropolitan Artikel utama: Daftar wilayah metropolitan Bendera Bangunan Nama Negara Tokyo Raya  Jepang Jabodetabek  Indonesia Seoul Raya  Korea Selatan Delhi  India Mumbai  India Berkas:Metropolitan Manila Montage.png Metro Manila  Filipina Shanghai  Tiongkok Osaka Raya  Jepang Kolkata  India Karachi  Pakistan Hong Kong[1]  Hong Kong Tehran  Iran Catatan Kaki ^ Hong Ko...

 

American media labor dispute 2007–08 Writers Guild of America strikeStriking WGA members at Fox Plaza, Los Angeles, on November 7, 2007DateNovember 5, 2007 – February 12, 2008 (2007-11-05 – 2008-02-12)(3 months and 7 days, or 99 days)LocationUnited StatesCaused byLack of agreement on a new contract between Writers Guild of America and AMPTPGoalsIncreased DVD residuals, jurisdiction over and residuals from new mediaMethodsPicketing, prote...

 

Gamba Osaka 2015 football seasonGamba Osaka2015 seasonChairmanTeruhisa NoroManagerKenta HasegawaJ1 League3rd (regular season) Runner-up (Championship)Emperor's CupWinnersJ.League CupRunner-upAFC Champions LeagueSemi-finalsJapanese Super CupWinnersSuruga Bank ChampionshipRunner-upTop goalscorerLeague: Takashi Usami 19All: Takashi Usami 28Highest home attendance18,842 vs Kawasaki Frontale, 16 May 2015 (J1 League)Lowest home attendance6,064 vs Nagoya Grampus, 2 September 2015 (J.League Cup)Aver...

Fortress in Castile and León, Spain You can help expand this article with text translated from the corresponding article in Spanish. (September 2022) Click [show] for important translation instructions. View a machine-translated version of the Spanish article. Machine translation, like DeepL or Google Translate, is a useful starting point for translations, but translators must revise errors as necessary and confirm that the translation is accurate, rather than simply copy-pasting machin...

 

Municipal building in Stranraer, Scotland Old Town Hall, StranraerOld Town Hall, StranraerLocationGeorge Street, StranraerCoordinates54°54′16″N 5°01′42″W / 54.9044°N 5.0283°W / 54.9044; -5.0283Built1776ArchitectEdward Wallace and Thomas HallArchitectural style(s)Neoclassical style Listed Building – Category AOfficial nameOld Town Hall, George Street, StranraerDesignated20 July 1972Reference no.LB41745 Shown in Dumfries and Galloway The Old Town Hall ...