Haugland er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Hauglandsvatnet, nordaust for Kalandseidet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Historie
Garden høyrte i til Lyseklostergodset. Sidan 1873 har garden vore i bondesjølveige.
Geografi
Garden ligg i Hauglandsdalen på nordvestsida av det langstrekte Haudlandsvatnet. Solbakkafjellet (458 moh) ligg nordvest for garden.
Garden grensar til Fjelltveit i nordaust og Gimmeland i nordvest. I vest ligg Almeland og i sørvest Austevoll. Engevik ligg i sør, og i søraust ligg utmarkene til Stigen, Nedre Sandven og Øvre Sandven, samt ein liten bit av kommunegrensa mot Os kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff