Hasbanielva (arabisk الحاصباني, al-Ḥāṣbānī) eller Snirelva (hebraisk נחל שניר, Nahal Snir) er ei sideelv til Jordanelva.
Hasbani får hovudsakleg vatn frå to kjelder i Libanon,[1][2]Wazzani og Haqzbieh, sistnemnte er ei gruppe kjelder øvst i Hasbani.[3] Hasbani renn 40 km i Libanon før ho kryssa grensa til Israelog renn saman med Banias og Danelva ein stad nord i Israel og dannnar Jordanelva.[4] Omkring fire kilometer nedanfor Ghajar, dannar Hasbani grensa mellom Libanon og Golanhøgdene.
I lag har Wazzani og Haqzbieh ei samla årleg vassføring på 138 millionar m³ per.[5] Kring 20% av Hasbani[6] kjem frå Wazzanikjelda ved Ghajar, nær den libanesisk-israelske grensa, kring 3 km vest for foten av Hermon. Bidraget frå Wazzanikjelda er særs viktig, sidan ho er den einaste som flyt året rundt ut i elva, i både Libanon og Israel.[7]
Bruken av vassressursane i området, inkludert Hasbani, har vore kjelde til konflikt og var ein av faktorane som førte til seksdagarskrigen i 1967.[8][9] Hasbani vart innlemma i Jordandalen sameinte vassplan, som vart lagt fram i 1955 av den amerikanske utsendinga Eric Johnston.[10] I følgje planen kunne Libanon nytte 35 million kubikkmeter i året av vatnet. Planen vart avslått av Den arabiske ligaen. I staden avgjorde det andre arabiske toppmøtet i Kairo i januar 1964 at ligaen let Syria, Libanon og Jordan byrje eit vassavleiingsprosjekt. Syria starta å bygje ein kanal for å leie vatn frå Baniaselva bort frå Israel og langs fjellsida av Golan mot Yarmoukelva. Libanon skule bygge ein kanal frå Hasbani til Banias og fullføre planen[11] Prosjektet skulle avleiie 20 til 30 millionar kubikkmeter med vatn frå sideelvane til Jordanelva til Syria og Jordan for utvikling av desse landa.[11][12] Dette førte til ein militær inngripen av Israel, først med stridsvogneld ogs å, då syrarane flytta arbeidet lenger aust, med flyåtak.
I 2001 sette dei libanesiske styresmaktene opp ein liten pumpestasjon med eit 10 cm borehol for å trekke opp vatn for landsbyen Ghajar.[13] I mars 2002 avleidde Libanon òg delar av Hasbani for å gje vatn til landsbyen Wazzani. Dette var i følgje Ariel Sharon ein «casus belli» og kunne føre til krig, og under den andre Libanonkrigen vart pumpestasjonen øydelagd av det israelske forsvaret.[14][15][16][17]
↑Political Thought and Political History: Studies in Memory of Elie Kedourie By Elie Kedourie, M. Gammer, Joseph Kostiner, Moshe Shemesh, Routledge, (2003) ISBN 0-7146-5296-2 s. 165
↑LA Times Over Israeli Objections, Lebanon Opens Pumping Station on River March 29, 2001
↑Bfvt. 28. mars 2002. Libanon hails 'liberation of water'
↑Bfvt. 10 September 2002 Israel warns of war over water
↑Bfvt. 16 September 2002. US wades into Mid-East water dispute
↑Bfvt. 17 September 2002. Israel hardens stance on water.