Moshaven vart grunnlagd i 1948 av Holocaust-overlevande. Namnet er henta frå Sakarja 3:2 og symboliserer at grunnleggjarane var overlevande av Holocaust:
Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har vald ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»
Naturreservat
Søraust for moshaven ligg eit naturreservat, oppretta i 1967, og utvida i 1997. Det er no 140 mål i alt.[2] Reservatet er i eit gammalt steinbrot, der vasspegelen har heva seg slik at det veks vassplanter der. .[3]