Hama guvernement (arabiskمُحافظة حماه, romanisert Muḥāfaẓat Ḥamā) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg vest i det sentrale Syria. Arealet varierer frå kjelde til kjelde, frå 8 844 km²[2] til 8 883 km².[3] I 2011 hadde guvernementet 1 628 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Hama.
Arealbruk og jordbruk
Hama er eit viktig jordbruk- og industrisenter i Syria, med eit areal på 3 680 km², over ein tredjedel av arealet i guvernementet, som er oppdyrka. Guvernementet produserer over halvparten av den nasjonale avlinga av poteter og pistasjenøtter, i tillegg til forskjellige andre grønsaker. Kvegoppdrett er òg vanleg i guvernementet.