Ar-Raqqah guvernement (arabisk مُحافظة الرقة, Muḥāfaẓat ar-Raqqah, kurdiskParezgah Raqa) er eit av fjorten guvernement (provinsar) i Syria. Det ligg nord i landet og dekkjer eit areal på 19 616 km². I 2011 hadde guvernementet ein folkesetnad på 944 000. Hovudstaden er Ar-Raqqah.