Dette er den fjerde kyrkja i Hærland. Den fyrste stod på grunn frå garden Hærland, medan dei tre siste har stått på den noverande kyrkjestaden, ved garden Revholt. I tillegg til inventaret i kyrkja finst gamalt inventar frå dei tidlegare kyrkjene i gravkapellet.