Gustav Adolph Lammers
Gustav Adolph Lammers (26. mai 1802–2. mai 1878) var ein norsk prest som stifta Noregs første indremisjonsforeining, stortingsmann og arkitekt for fleire kyrkjebygg. PrestLammers var fødd i København i Danmark og budde der til han var i kring seks år gammal. Han var 1814-18 elev på katedralskulen i Trondheim. Deretter gjekk han på katedralskulen i Kristiania til han i 1821 vart student. Cand. theol. i 1825. Frå 1827 var Lammers prest ved hospitalet, tukthuset og dei 'Angellske stiftelser' i Trondheim. Han var sokneprest i Bamble frå 1835 til 1848. Deretter sokneprest i Skien frå 1848, allereie året etter gjorde han det kjent at han ikkje delte statskyrkja sitt syn på barnedåpen og nattverden. År 1853 stifta Lammers den første indremisjonsforeininga i landet. I 1856 sa Lammers frå seg prestestillinga og melde seg ut av statskyrkja. Han stifta då frikyrkja «Den frie apostolisk-christelige Menighed». Lammers var forstandar for denne, og inspirerte folk andre stader i landet til å danne sine frikyrkjer. Mellom anna var han heilt nord til Finnmark i 1858, og i Stockholm i 1859. Nokre av desse meinigheitene vart leia av han personleg. 12. november 1860 sa Lammers frå seg forstandarskpen for meinigheita og melde seg inn att i statskyrkja. StortingsmannPå stortinga 1839 og 1842 var Lammers stortingsrepresentant for Bratsbergs amt. Han var sekretær i kyrkjekomiteen ved begge høve. ArkitektSamstundes som Lammers studerte teologi i Kristiania, var han elev hos Hans Linstow ved Den kongelige Tegneskole. Lammers var arkitekt då det i 1845 vart bygt ny kyrkje i Bamble. Bamble kyrkje vart reist i ein enkel nygotisk stil. Også korbileta var det han som måla. Han var elles arkitekt for den seinklassisistiske Hisøy kyrkje ved Arendal (1849), og eit bedehus i Skien (1850). Også fleire salmesamlingar stod han bak, mellom anna Christelig Psalmebog (1852). Etter han i 1860 gav opp prestegjerininga budde han for ein stor del utanlands; Italia, Tyskland og Danmark. I denne perioden laga han fleire altartavler. Lammers flytta tilbake til Skien eit par år før han døydde der i 1878. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|