Arkitekt![]() Ein arkitekt høyrer til ei fagretning som praktiserer arkitektur (kunsten og vitskapen om bygningskonstruksjon). I praksis tyder det at ein arkitekt prosjekterer eit bygg, inkludert utreiing, behovsanalysar, og frå skissering til prosjektering av det ferdige bygget. Med seg har han interiørarkitektar, og utomhus - landskapsarkitektar/hagearkitektar, og konsulentar i ulike fag innan byggkonstruksjon, elektrisk svak- og sterkstraum, vatn, varme og sanitær (vvs). Den verna tittelen er sivilarkitekt, som ein får ved å gjennomgå godkjent utdanning i Oslo, Trondheim eller Bergen. Sivilarkitektane sin faglege organisasjon er Norske arkitekters landsforbund (NAL), arbeidsgjevarorganisasjonen er Arkitektbedriftene, medan arbeidstakarorganisasjonen er AFAG. |