Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.
Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet.
I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik.
Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.