Granvin herad er ein tidlegare norsk kommune i Hardanger i Hordaland fylke. Granvin var ein av dei kommunane i landet som nytta nemninga «herad» i staden for «kommune». Våpenet til kommunen er ei hardingfele.[1]
Heradskommunen vart oppretta i 1891. 1. januar 2020 vart Granvin slegen saman med Voss kommune til Voss herad.
Geografi
Granvin er ein av dei sju hardangerkommunane. Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Riksveg 13 går mellom Voss og Granvin. Fylkesveg 7 går til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 minutt til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går òg buss til Bergen og Voss. Frå Kvanndal går det ferje til Kinsarvik og Utne i Ullensvang herad.
Hardangerbana, som var ein sidebane til Bergensbanen og førte frå Granvin til Voss, vart lagt ned i 1985.
Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er òg grunnlaget for seinare års industriutvikling, med Granvin Bruk
Historie
Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin.
I april 1940 var det kamphandlingar ved Skjervefossen i kommunen, etter at tyske troppar hadde blitt sett i land inst i Granvinsfjorden og heldt fram over land mot Voss.
1. januar 1964 vart eit område rundt Kvanndal, langs Hardangerfjorden i vest, overført frå gamle Kinsarvik herad til Granvin herad, som dermed fekk grense til Kvam herad i vest.
aTalet omfattar ikkje området rundt Kvanndal, som vart overført til Granvin herad frå Kinsarvik kommune i 1964. Dette området hadde då 72 innbyggjarar.
Politikk
Heradstyrerepresentantar
Det første listevalet i Granvin vart halde i 1928.